Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

ÅRSMØTE I RO OSTERØY – fornyingsval

May 27, 2024 @ 16:15 - 17:30

Innkalling til ÅRSMØTE – fornyingsval i RUSFRI OPPVEKST OSTERØY

STAD:         Danielsen ungdomsskule Valestrand
Tid:             Måndag 27. mai 2024   kl. 16.15

Sakliste:
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2: Val av møteleiar og referent
Sak 3: Val av to personar til å skriva under referat
Sak 4: Årsmelding for 2022 og 2023
Sak 5: Rekneskap
Sak 6: Samtale/brainstorming om notid/framtid
Sak 7: Val a) Minimum 3 styremedlemmer (inkl. eige val på leiar)
b) 2 varamedlemer (ikkje krav)
c) Valnemnd: 2 medlemmer
Sak 8: Mogeleg arbeidsplan 2024
Sak 9: Utsendingar til Landsmøte 21. – 23. juni, Follo folkehøgskule i Vestby, nær Oslo. To medlemer har allereie meldt seg.

PÅMELDING: Innkjøp av pizza gjer det naturleg med påmelding slik at alle blir mette!
Meld frå til Marit Barene innan fredag: SMS 928 15 936 eller e-post: marit@rusfrioppvekst.no

Kommentarar:
Tidspunktet er vald ut frå at det er lagleg for mange medlemmar i Rusfri Oppvekst som arbeider på Danielsen skule. Der er det langdag til kl. 16.00 den dagen. Difor vert det servert pizza i byrjinga av møtet! Me håper også at mange andre medlemmar finn vegen til Valestrand kl. 16.15!
Diverre er det kort innkallingsfrist, men dette var det beste med fekk til denne gongen, og me bed om orsaking og forståing. Me siktar mot eit kort og effektivt møte!

Rusfri Oppvekst Osterøy har behov for restart og fornying. Eit fungerande lag på Osterøy gjev auka tilskot av offentleg støtte og  prosjektmidlar. Dermed kan fleire delta på kurs og konferansar som rusfri Oppvekst sentralt arrangerer. Deltakarane på fagkonferansane er fulle av lovord om høg kvalitet og om kor nyttig ny fagkunnskap er for dei. Kan me heia fram laget på Osterøy?

Tusen takk for at du er medlem, og me håper du er med  på møtet førstkomande måndag 27. mai.

Helsing
Norvald Vedå             Marit Barene
tidlegare leiar             dagleg leiar

 

Details

Date:
May 27, 2024
Time:
16:15 - 17:30
Event Categories:
,
Event Tags:
,

Venue

Danielsen ungdomsskule, Valestrandsvegen 359, Valestrandsfossen
Norway + Google Map